Skeise-VM 1967 for menn

Verdsmeisterskapen på skeiser 1967 for menn vart avvikla på Bislett stadion i Oslo helga 11. og 12. februar 1967. 36 utøvarar frå 14 land deltok i meisterskapen, av dei fem frå Noreg.

Titteforsvararen Kees Verkerk frå Nederland vart verdsmeister etter å ha vunne både 5000 meter og 10 000 meter. Landsmannen Ard Schenk, som fekk bestetid på 1500 m, kom på andreplass i meisterskapen. Keiichi Suzuki frå Japan vann 500 meter.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy